Web 2.0 blei i sin opprinnelege kontekst brukt om programvare som vart oppdatert på kontinuerleg basis gjennom samarbeid mellom fleire personar via eit nettverk. Det grunnleggande elementet i filosofien bak Web 2.0 er at programvare utviklar seg til å bli meir og meir nyttig desto fleire personar som tar del samarbeidet med å utvikle den gjennom uttesting og forbetring.
I dei siste åra har denne grunnleggande ideen om å utnytte Internett til å koordinere den kreative energi som oppstår når mange menneske arbeider saman med felles målsetting (jf. det engelske omgrepet Commons-based peer production), blitt kraftig vidareutvikla. I dag ser ein for seg at fenomenet med samarbeid over nettet vil kunne effektivisere arbeidet innanfor ei rekkje områder innan moderne tenesteproduksjon, alt frå marknadsføring, reklame, produksjon av nyhende, generell kundeservice, bank- og fondshandel og over til kommunale og statlege tenester. Vårt moderne samfunn har også aktualisert nye typer tenester som effektivt vil kunne koordinerast ved å ta i bruk konseptet med samarbeid over nettet. Eit godt døme her kan vere handtering av katastrofesituasjonar.
I dag blir Web 2.0 oftare brukt meir generelt som ei fellesnemning på andregenerasjons nettbaserte samfunn eller tenester, på engelsk ofte kalt social networking services, wikis eller folksonomies. Felles for desse tenestetypane er at dei søkjer å tilrettelegge for samarbeid og deling av informasjon mellom medlemmer i ei gruppe eller ein organisasjon via nettbaserte tenester.
Nettsider med Web 2.0-funksjonalitet har ofte følgjande karaktertrekk:
-
Dei bruker nettverket som basisplattform, ved å tilby (og tillate brukarane å gjere seg nytte av) applikasjonar som kan kjørast 100% gjennom ein standard nettlesar.
-
Brukarane av nettstaden bestemmer over innhaldet og informasjonen på nettsidene. Endringar blir gjort gjennom bruk av enkle redigeringsverktøy.
-
Nettsidene oppfordrar i si framtoning og oppbygging brukarane til å auke nytteverdien ved å heile tida legge til ny informasjon og eventuelt redigere den som allereie ligg der. (Dette konseptet står i kontrast til tradisjonell hierarkisk tilgangskontroll som var mykje bruk tidlegare for å gi brukarane ulike tilgangsnivå avhengig av rolle eller posisjon.
-
Eit rikt, interaktivt og brukarfokusert grensesnitt
-
Dei har eitt eller fleire aspekt ofte omtalt som social-networking aspects ved seg.
Vidare er dei ofte kjenneteikna ved bruken av:
-
Hypertekst og ustrukturerte søkeverkty
-
Social bookmarking for tagging og oppbygging av folksonomies.
-
RSS, Web Feed Server og spesielt tilrettelagte lesarar for nyhende
-
Programvare spesielt tilrettelagt for planlegging og ledelse av prosjekt
-
Verkty for sanntidskommunikasjon, til dømes for chatting, lyd- og video-overføring samt virturelle omgjevnader