Det er sikkert på sin plass å forklare kvifor du finn min nettpost her blant alle desse andre – i mange tilfelle totalt unyttige – dagbøkene på nettet. Den bakanforliggande årsaka er eit akutt innfall eg fekk våren 2007 om å hive meg på eit Mastergradstudium i organisasjon og ledelse. Første halvår ga meirsmak, og hausten 2007 tar eg mellom anna faget Teknologi, verdiskaping og samfunnsendring. Ein del av det obligatoriske arbeidet her er å opprette og utvikle ein eigen nettpost.
Den spede starten på dette ser du her…