Omgrepet Enterprise 2.0 lar seg lettast forklare med utgangspunkt i eit anna, nært relatert omgrep, – Web 2.0.
Enterprise 2.0 byggjer vidare på grunnkonsepta for Web 2.0, men her i ei bedriftsssetting: Her handlar det om tilrettelegging av nettbaserte tenester som kan fremje ideskaping, samarbeid og samhandling mellom tilsette i eit føretak, men også mellom føretaket og deira kundar og leverandørar. Her vil nok mange hevde at “jammen, – dei fleste moderne bedrifter har allereie i mange år aktivt nyttiggjort seg teknologiar som telefoni, intranett, epost, augneblinksmeldingar (instant messaging) og ulike system for dokumenthandtering”. Javisst, men Enterprise 2.0 opnar for så mykje meir: Det inneber bruk av verktøy for samhandling som gjer det mogleg å knytte saman kunnskap, erfaringar og idear frå dei tilsette, kundane og leverandørane på nye måtar. Her er nokre få døme (og det finst mange fleire):
-
Nye og opne dialogformer mellom eit foretak og kundane deira. Administrerande direktør i selskapet Sun Microsystems – Jonathan Schwartz – har etablert ein populær blogg der han aktivt deler sine tankar med eksisterande og potensielle nye kundar omkring selskapsstrategi, utfordringar og moglegheiter. Samanlikna med den formelle, korte og konsise informasjonskanalen som pressemeldingar representerer, gir denne forma for kommunikasjon ei langt tettare knytning til kundane basert på eit tillitsforhold. På denne måten har Sun ved hjelp av eit enkelt verktøy bidratt til å skape lojalitetskjensle til firmaet og samstundes opna for ein elles utilgjengeleg og uvurderleg kunnskapsflyt om kundemarknaden.
-
Nye arenaer for samhandling. Wikiar gir “alle tilgang til å redigere alt”, og krev ingen spesielle privilegier eller kunnskap for å bidra. På denne måten fungerer dei på same måten som eit velfungerande team, der alle får ta del i gode idear og kan utvikle eigen kunnskap i samspel med andre. Då denne teknologien først såg dagens lys var kritikarane mange. Hovudinnvendinga gjekk på at egalitetsprinsippet aldri ville fungere for kontroversielle emne, idet bidragsytarane ville “slå kvarandre ihjel” fortløpande. Erfaringane viser det stikk motsatte: Wiki-prinsippet er opent i ein slik grad at dei som brenn for eit tema, verkeleg må legge seg i selen for å forfatte saklege og nøytrale innlegg som kan aksepterast av andre. Motsett vil useriøse og tendensiøse innlegg umiddelbart bli sletta. Dermed har wiki-teknologien i si enkle form medført at folk med grunnleggande ulik bakgrunn og perspektiv kan samhandle på ein produktiv måte og skape innhald som – over tid – både er konvergerande i si form og har er av utmerka kvalitet. Dette interessante fenomenet er godt forklart på s. 24 i Andrew McAfee sin artikkel om Enterprise 2.0 i MIT Sloan Management Review våren 2006.
-
Opne spåmarknader. Tenk deg at føretaket ditt har planar om å lansere eit nytt produkt, og har tre ulike konseptforslag til korleis det skal utformast. Skiljet mellom suksess og fiasko er som kjent minimalt, og dei øknonomiske konsekvensane av å satse på “feil hest”, kan vere store. Her kan verktøy med same funksjonalitet som det du finn på Yahoo! Tech Buzz vere til hjelp. Denne nettstaden er ein slags spåmarknad, der brukarane kjøper og sel ulike konsept, omtrent på same måte som du og eg kan kjøpe og selje aksjar i selskap på børsen. Verdien av eit konsept kan sjåast på som ein spådom om ein framtidig tilstand: Dei som synest konseptet er lovande vil gjerne investere i det og dermed drive prisen oppover, og vise versa. På denne måten kan ein aktivt utnytte klokskapen representert av store menneskemengder (Wisdom of the Crowds). Heilt parallelt kan denne ideen også utnyttast på intranettet til firmaet ditt: Ved å presentere fleire, alternative konsept og la dei tilsette kjøpe “aksjar” i det dei synest best om, vil du snart få ein klar indikasjon om kva for konsept som er dei mest levedyktige.
-
Personlege nyhende nett når du vil ha dei. Tenk deg kva for moglegheiter som opnar seg dersom eit føretak legg til rette for at dei tilsette kan abonnere på nyhende via levande bokmerke (RSS – Really Simple Syndication). Levande bokmerke tvingar deg ikkje til å besøke ei intranett- eller internettside. I staden blir informasjonen levert til deg i det formatet du ønskjer. Eit føretak som opnar for at alle tilsette kan publisere via RSS-teknologien, og samstundes lar dei tilsette fritt velje både leseverktøy og bokmerke, vil oppleve at dei kvalitativt beste interne RSS-straumane går ut som vinnarar, og at deira redaktørar får den æra dei fortener. Samstundes ligg det eit vesentleg læringselement i dette: Det vil smått om senn bli bygd opp ein sunn organisasjonskultur med eit verdisyn som er utforma av dei tilsette sjølv. Dette i motsetning til meir tradisjonell organisasjonsutvikling, der bedriftsleiinga gjennom meir eller mindre abstrakte idear prøver å fortelje sine medarbeidarar kva for verdisyn føretaket skal ha.